Velkomen til heimesida mi!

 

Eg heiter Øystein Vigestad og driv mitt eige vesle firma, med omsetjing og språkvask som hovudaktivitetar. Gjennom arbeid med tekstar i 25 år har eg opparbeidd meg ein omfattande kompetanse i norsk språk, og det gjeld begge dei norske målformene. Klikk på attestane i margen til høgre, og du vil sjå at også Språkrådet går god for at eg er kompetent på området.

 

Under knappen "Omsetjing" ovanfor finn du lister over bøker som eg har omsett. Hovudtyngda ligg på omsetjingar frå bokmål til nynorsk, men eg har også omsett frå engelsk, svensk og dansk, både til nynorsk og til bokmål.

 

Språkleg gjennomgang og oppretting av manus av ymse slag har eg også lang erfaring med, både for forlag og for ulike offentlege institusjonar. Sjå under "Språkvask" for meir informasjon om denne delen av verksemda. 

 

Treng du hjelp for å få eit godt og korrekt språk i ein tekst som du vil publisere, anten det no er ei bok eller ei mindre trykksak, så ta kontakt. Eg kan også omsetje eller språkvaske elektroniske tekstar.

 

Hugs: Eit korrekt og lett tilgjengeleg språk er viktig for dei som skal lese teksten din. Det gjer også at dei du representerer, anten det no er eit privat firma, ein organisasjon eller eit offentleg organ, framstår som seriøse.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

vigestad.no © Øystein Vigestad 2009

Øystein Vigestad

      - omsetjing og språkvask

 

Kontaktinformasjon:

 

E-post: ovigestad@gmail.com

Telefon: +47 22 69 08 68

Mobiltelefon: +47 911 43 072

 

Adresse: Dovregata 2A,

                 0170 OSLO