Ved sida av å omsetje bøker har eg arbeidd med språkvask. Eg har språkvaska både bokmålstekstar og nynorsktekstar. Når det gjeld mange av dei bøkene eg har omsett frå bokmål til nynorsk, har eg såleis språkvaska bokmålsmanusa. Det gjeld særleg bøkene gitt ut på forlaget Yrkesopplæring, men også nokre bøker gitt ut på Aschehoug.

 

Eg har også arbeidd for mange offentlege organ, som ymse departement og direktorat.

 

Av dei siste meir omfattande språkvaskoppdraga kan eg nemne:

 

Bøker:

Lester R. Brown: Plan B 3.0 – Hvordan redde vår jord? Boksmia forlag 2008

Heiselberg og Søndenå: Fotografi frå Ryfylke 1880–1940.  Wigestrand Forlag 2007

David D. Burns, M.D.: Tenk deg glad! Håndbok. DANOR Forlag AS 2005

 

Internettsider:

Lokus.no (Aschehoug): Tidslinjer (historie for vidaregåande skule)

 

Dokument frå det offentlege:

Barne‑ og familiedepartementet: Forskrift om vedgåing av farskap

Barne‑ og familiedepartementet: St.meld. om erstatningsordningar for barneheims‑ og spesialskulebarn

Kommunal‑ og regionaldepartementet: Diverse pressemeldingar

Kommunal‑ og regionaldepartementet: St.meld. om regionalpolitikken

Kommunal‑ og regionaldepartementet: St.prp. nr. 1 (statsbudsjettet) for 2004 og 2005

 

---

 

Eg gjer også merksam på at eg har omsett mange dokument frå bokmål til nynorsk for ulike departement og for ymse offentlege etatar (Statens forureiningstilsyn, Statens vegvesen, Statens bygningstekniske etat, Sosial- og helsedirektoratet, Noregs bank m.fl.). Desse omsetjingane er ikkje nemnde under ”Omsetjing”; der har eg berre teke med bøker.

 

I tillegg har eg omsett internettsider med oppgåver og utfyllande stoff til fleire læreverk for Aschehoug forlag. Eg kan her nemne Zeppelin (norsk for grunnskulen), Tidslinjer (historie for vidaregåande skule), Nexus (naturfag for vidaregåande skule), Naturfag 5 (naturfag for vidaregåande skule) og Midgard (samfunnsfag for grunnskulen).

 

 

 

vigestad.no © Øystein Vigestad 2009

Øystein Vigestad

      - omsetjing og språkvask

 

Kontaktinformasjon:

 

E-post: oystein@vigestad.no

Telefon: +47 22 69 08 68

Mobiltelefon: +47 911 43 072

 

Adresse: Dovregata 2A,

                 0170 OSLO